CEDREN nyheter

CEDREN får midlar til forskningsinfrastruktur

Published on: 5. november 2013

Onsdag 30/10 tildelte forskningsådet midlar til forskningsinfrastruktur, og CEDREN fekk full uttelling på søknaden vi hadde inne denne gongen. Det betyr at vi får omtrent 4.5 milllionar til vitskapleg utstyr som dekker mange av senteret sine aktivitetar. Totalt var det 70 innsendte søknader med eit totalt budsjett på nærare tre milliardar kroner, så det var stor konkurranse om midlane i denne runda.

CEDREN får midlar til forskningsinfrastruktur
NULL

Søknaden som vart innvilga illustrerer breidda i CEDREN sine aktivitetar. Vi får midlar til avansert telemetritutstyr for nøyaktig posisjonering av fisk i tre dimensjonar, for eksempel til bruk i forskning rundt fisk og inntak til kraftverk. 

Innan forskning på sjøfugl og vindkraft til havs vil CEDREN vidareutvikle ein avansert GPS/TDR loggar for å kunne posisjonere sjøfugl både over og under vatn. Dette vil gi data om fuglens habitatbruk som det hittil ikkje har vore mogleg å samle inn. 

Vi vil vidare utstyre den nye renna i vassdragslaboratoriet med det siste innan laserutstyr (PIV) for måling av strømning i tre dimensjonar. Her bygger dermed CEDREN vidare på tidlegare investeringar for å gjere desse enno meir funksjonelle. 

Vidare vil vi kjøpe inn ein fleirstrålesonar for kartlegging av geometri i elver og sjøar. Instrumenta som vart kjøpt inn etter den første tildelinga vi fekk til feltutstyr har vore svært mykje brukt i mange prosjekt, og no aukar vi kapasiteten til slik innsamling samstundes som vi gjer den meir effektiv for større elver og sjøar. 

Til sist investerer vi i utstyr for å forbedre innsamling av fordampingsdata frå målestasjonar i høgfjellet. Slike data er viktige for utvikling av hydrologiske modellar i CEDREN. Data vil både gi bedre prosessforståing og grunnlag for å forbedre modellane.


Print

Nyhetsarkiv

Archive