26. april, 2017 inviteres alle interesserte til avslutningsseminar for professor og CEDREN-forsker Ånund Killingtveit. Seminaret finner sted på NTNU i Trondheim.
Ånund Killingtveit har sett djupe spor etter seg som professor i vassbygging ved NTNU. Han har gjort kraftverkshydrologi til eit eige omgrep og gjennom dette hatt stor innverknad på utviklinga av moderne vasskraftplanlegging, drift og ikkje minst miljøomsyn. Han fatta interesse for polar hydrologi og fekk i gang dette som eige fag på UNIS på Svalbard. Han har etablert tett samarbeid med institusjonar i Aust-Afrika og gjennom dette, master- og diplom-studentar gjort snøen på Kilimanjaro til noko meir enn ei bok av Hemingway. Dette og mykje meir vil vi få eit innblikk i på avsluttningsseminaret til Ånund.